lørdag 18. mars 2017

Sol, skog og lydbok

Sola varmar endelig igjen! Eg har i dag gått meg ein tur i skogen mens eg hørte på lydbok. Herlig! 


Har oppdaga at appen ebokbib har eit par lydbøker, og ikkje berre e-bøker som eg har trudd. Herlig å kunne laste ned ei bok på mobilen og høyre den ute, eller mens ein strikkar, eller gjer husarbeid.

Har tidlegare hatt storytel, men syns det vart litt dyrt når dei satt opp prisen... Fint med eit gratis tilbud frå folkebiblioteket, men synd dei har eit veldig begrensa utvalg av bøker. Var kun  20 bøker ein kunne velge mellom i ebokbib no... 

Eit anna 'gratis' lydboktilbud er nsb underholdnings appen. Om du har gyldig bilett har ein moglegheit til å laste ned månedens bok. Brukar å være to bøker per måned. Har tatt ein del tog i det siste så har høyrt eit par av bøkene. 

Høyrer du på lydbok på mobilen? Tips meg gjerne om andre muligheter enn eg har nevnt! Har sett at det har komme ein ny abonnementstjeneste som heiter Fabel som eg har planer om å teste ut når eg har god tid til å høyre lydbøker.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar