mandag 27. mars 2017

Bad girls!

Eg brukar vanligvis ikkje å kjøpe så mange bøker, men når folkebiblioteket ikkje har det eg har lyst å lese slår eg til. Det som frista denne gangen var to bøker som eg tenkte likna på 60 damer du skulle ha møtt av Martha Breen og Jenny Jordal. Eg likte veldig godt dei små snuttane om kvinner i historia ei  har høyrt lite om, sidan eg syns det er viktig å få fram kvinnene i historia, og ikkje berre om menn, som ein vanligvis høyrer mest om.

Boka til Martha Breen og Jenny Jordal består av små teikneseriar om dei ulike damene. Bad girls throughout history: 100 remarkable women who changed the world skreve av Ann Shen består av ei side med tekst og eit teikna portrett av den omtalte kvinna. 



Women in Science: 50 Fearless Pioneers Who Changed the World er skreve og illustrert av Rachel Ignotofsky. Ho har gitt kvar av kvinnene som blir omtalt to sider i boka. Ei side med ein illustrasjon av kvinna med eit par korte setningar av kva ho har oppnådd. Neste side er ein tekst over livet hennar og rundt teksten er det små teikningar med tekst under som oppsummera innhaldet i teksten.


To veldig fine bøker som eg gledar meg til å lese ferdig! Bøkene fortjener å ikkje bli lest i ei  jafs, slik dei ulike liva får synke litt inn før ein går vidare til neste kvinne. 

2 kommentarer:

  1. Denne vil eg og lese. Eg elskar bøkene til Marta Breen og co, og spesielt "60 damer du skulle ha møtt", som eg har i hylla og kan lese om og om att. Takk for tipset!

    SvarSlett
  2. Høres ut som veldig fine bøker! De må leses :)

    SvarSlett