onsdag 22. mars 2017

Kjensla av helg midt i veka

Det å kunne ha ein lang frukost midt i veka som gir ein kjensla av helg er fantastisk. Jobbar kveld på onsdagar så kan lese bok og drikke te uten å stresse. Herlig!

I koppen: Higher living sin English breakfast
Les for øyeblikket: Nei og atter nei av Nina Lykke

tirsdag 21. mars 2017

Kva med ein litt annleis krim til påske?

Eg las ein del krim før, men vart litt lei av alkoholiserte middelaldrende menn... Om du også er lei av blodige drap,  og har lese alt av Jo Nesbø, kanskje bøkene om ein kjemifrelst detektiv som er ei veslevoksen jente på 11 år kan være noko for deg?

Alan Bradley har skreve ein krimserie på så langt 8 bøker om den 11 år gamle hovudpersonene Flavia de Luce. Flavia bur på godset Buckshaw saman med faren og to søstre. Handlinga er langt til england på 1950-tallet.

Bøkene om Flavia er noko for seg sjølv! Anbefales! 

Her er eit lite utvalg av dei 8 bøkene ein finn i serien.

lørdag 18. mars 2017

Sol, skog og lydbok

Sola varmar endelig igjen! Eg har i dag gått meg ein tur i skogen mens eg hørte på lydbok. Herlig! 


Har oppdaga at appen ebokbib har eit par lydbøker, og ikkje berre e-bøker som eg har trudd. Herlig å kunne laste ned ei bok på mobilen og høyre den ute, eller mens ein strikkar, eller gjer husarbeid.

Har tidlegare hatt storytel, men syns det vart litt dyrt når dei satt opp prisen... Fint med eit gratis tilbud frå folkebiblioteket, men synd dei har eit veldig begrensa utvalg av bøker. Var kun  20 bøker ein kunne velge mellom i ebokbib no... 

Eit anna 'gratis' lydboktilbud er nsb underholdnings appen. Om du har gyldig bilett har ein moglegheit til å laste ned månedens bok. Brukar å være to bøker per måned. Har tatt ein del tog i det siste så har høyrt eit par av bøkene. 

Høyrer du på lydbok på mobilen? Tips meg gjerne om andre muligheter enn eg har nevnt! Har sett at det har komme ein ny abonnementstjeneste som heiter Fabel som eg har planer om å teste ut når eg har god tid til å høyre lydbøker.


torsdag 16. mars 2017

Lawson, J. (2017). You are here : An owner's manual for dangerous minds. New York: Flatiron books.

 Eg har tidlegare lese dei to andre bøkene  til Jenny Lawson, Let's Pretend This Never Happened og Furiously Happy, og er veldig fan av kordan ho kan være humoristisk og alvorlig på samme tid om psykisk helse. 


Den nye boka hennar You are here : An owner's manual for dangerous minds er ei sjølvhjelpsbok/ fargeleggingsbok. Boka har korte inspirerande tekstar som gir leseren tru på at ein bra nok slik ein er sjølv om det kanskje ikkje alltid følelser slik. Mellom tekstane er det fine illustrasjoner som forfattaren har laga med ein liten tekst på som ein kan fargelegge. Ei herleg bok som ein kan ta fram igjen og igjen. Eg hadde kanskje forventa like masse humor som det har vore i dei tidlegare bøkene hennar, men likte godt bokkonseptet fordi om. 

onsdag 15. mars 2017

Heyerdahl, T. (1948), Kon-Tiki ekspedisjonen. Oslo: Gyldendal.

Er ikkje akkurat den nyaste boka eg akkurat er ferdig med å lese, men eg vart veldig begeistra av Kon-Tiki skreve av Thor Heyerdahl i 1948! 

Dei fleste veit nok at boka handlar om seks menns ferd på ein balsaflåte frå Peru til Stillehavet. Litt av eit opplegg som vart gjennomført med ein god dose flaks! 

Eg lar meg lett fenge av ekspidisjonar og eventyrlyst sidan eg syns det er artig å lese om ein kvardag som er heilt ulik min eigen. Fasinerende å lese om fisker og steder ein nesten ikkje har høyrt om før. 

Velkommen til Fjellgata 49

Etter mange åre utan blogg vart det fristande å byrje på igjen, denne gangen,  i utgangspunktet, som ein rein bokblogg.

Det vansklege med å starte ein blogg er å finne eit godt navn. "Fjellgata 49" er gata trioen i Ingvar Ambjørnsens bok Hvite niggere bur. Bok har eg lese mang ein gang, og har vore favorittboka mi da eg var yngre (og kanskje er den fortsatt er det?).

Velkommen til bloggen min!